Dei to siste kveldane har det vore dugnad i Ungdomshuset. Her har ein gjeng nevenyttige karar laga til ein fin platting ved inngangspartiet på øversida. Første kvelden laga Lars Kvendset fundamentet saman med Nils Ove Bruset og John Moe. Andre kvelden var det berre å ladde batteria og skruve toppdekket i MøreRoyal.
Og med ei utstrekt markise fekk dei jobba godt til tross for nokre beskjedne torevêrsdråpar frå oven, slik at dei vart ferdige på to kveldar og kunne rekke heim til kveldens VM kamp.