Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ny og spennande epoke for Surnadal og Rindal Begravelsesbyrå

Stig Husby Fredag 25. desember 2020

Ekteparet Palmer og Anna Britt Vikan overtok begravelsesbyrået fra Ragna og Ivar Meisingset i 2014, som starta opp Surnadal og Rindal begravelsesbyrå i 1978. No 42 år etter oppstarten så er ein ny og spennande epoke klar. I løpet av vinteren neste år er det Bjørn Vevang som overtek ansvaret for drifta vidare. Bjørn kjenner dei fleste som organist i kyrkja, men no vil fleire stifte bekjentskap med Bjørn som representant og dagleg leiar i begravelsebyrået.

Palmer blir med vidare i drifta, men no som tilsett.

Dei to har no drive byrået i 6 år, og dei fortel om ein hektisk og spennande kvardag i ein bransje dei hadde liten kjennskap til når dei overtok. Denne jobben blir mest som ein livsstil, du er på heile tida, og det blir til tider lite fritid, fortel Palmer. Men dei vil ikkje ha tal om at det er krevande for dei, fokuset er heile tida retta mot dei pårørande og dei vi møter i ein vanskeleg situasjon. Eit dødsfall kan aldri bagatelliserast, fortel Anna Britt. Vi har stor respekt for dei vi møter, og har erfart at det er mange måter å handtere sorg og sakn på. Det blir mykje praktisk som skal ordnast opp i før ei gravferd, men minst like viktig er det at vi viser forståelse og omsorg, seier ho. Vi har på alle måter ein svært så takknemleg jobb, fortel dei begge.

Koronaåret 2020 har på mange måter vore spesielt for ekteparet Vikan. Det har vore færre dødsfall sidan Norge stengde ned i mars i år, fortel dei. Gjennomføring og planlegging av ei gravferd har også vore annleis og vanskeleg for mange. No er det strenge krav til kor mange som kan delta under seremonien, og folk blir bedne om å halde avstand i ein situasjon der vi har behov for å gje kvarandre ein klem og vere nær kvarandre.

Palmer fortel om gravferder der songen «gje meg handa di ven» av Sondre Bratland har vorte framført tidligare, og den songen står i skarp kontrast til slik det er i dag. No er det ikkje muleg å halde hender og vere nærme kvarandre, det verkar så håplaust tungt i tillegg til alt det øvrige ein må oppleve i ein slik situasjon, fortel han.

No er dei altså klare for å gje stafettpinnen videre til Bjørn Vevang, og Palmer blir med vidare som tilsett i byrået. Det er ikkje tvil om at mange i distriktet vårt har satt stor pris på dei to i den rollen dei har hatt i Surnadal og Rindal Begravelsesbyrå til no. Det er ein spesiell jobb dei har, og som dei passer svært godt i. Omsorg og respekt for pårørande står heilt sentralt i arbeidet, og akkurat det fell heilt naturleg for ekteparet Vikan.

Det vart ein retteleg triveleg førjulskveld heime hos Palmer og Anna Britt på Nordvik. Dei nytta også høvet til å ønske alle ei god og fredfull julefeiring.

 

Surnadal og Rindal Begravelsesbyrå er medlem i Todalen.no

Først publisert: 25. desember 2020, 09:00 - Sist oppdatert: 24. desember 2020, 11:26