Med Sparebank1 Nordmøre som arrangør er det klart for Næringslivsdagen 2023. Det skjer onsdag 30. mars, og banken oppfordrar både firma og privatpersonar til å delta på Næringslivsdagen i Surnadal. -Vi held på og kjem i mål med programmet, og har mykje interessant å by på denne dagen, seier banksjef Allan Troelsen i Sparebank1 Nordmøre. Han fortel at det har vore jobba llenge i banken for å få til eit bra og interessant program som fenger skikkeleg.
Som i fjor der det Jan-Erik Larsen som er konferansier under Næringslivsdagen som blir arrangert i Storstua i Surnadal kulturhus, og han skal knytte saman arrangementet og introdusere foredragshaldarane gjennom heile dagen. Det er i år 20. gong at Næringslivsdagen blir arrangert i Surnadal, og den er nok godt forankra både i næringslivet og mellom privatpersonar, seier Liv Dalsegg, som peikar på kor viktig det er å bygge nettverk og få påfyll og inspirasjon frå kvarandre.
Til årets næringslivsdag kjem mange kjente ansikt og interessante foredraghaldarar – vi kan forløpande nemne Maren Lundby, Tormod Heier, Terje Talgø, Elisabeth Holvik, Marius Jordet, Amund Skiri, Lene Trude Solheim, John Arild Amdahl Johansen og kanskje fleire til? Det er lagt vekt på at det skal tilbys eit variert program, med innslag både frå lokalt, regionalt og nasjonalt næringsliv. Viktig er også pausane, der ein kan treffe mange både kjente og ukjente og bli både sett og verdsatt.
Programmet startar kl 9:00 når banksjef Allan Troelsen går på scana for å ønske velkomen til årets Næringslivsdag. Vidare går det slag i slag gjennom dagen til kl 16:00. Kl 11.50 er det lunchpause, og etter lunchpausen bli spenninga utløyst når Næringslivsprisen for 2023 blir delt ut.
Påmelding sker via nettsida og siste frist er sett til måndag 18. mars 2024 kl 00:00, så det er ikkje noko å vente med – klikk på linken her så kjem du direkte til påmelding.