Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ny mann attafor disken…

Jon Olav Ørsal Fredag 8. mai 2015

Da Kårvatn Fjellutstyr søkte etter ”ein dugandes medarbeidar” tidlegare i vår, tente det ein gnist hos Lars Inge Harang. Han sette seg ned for å skrive søknad – og etter litt diskusjon både heime med familien og hos Kårvatn Fjellutstyr så var valet gjort. No er han på plass ”attafor disken” på Kårvatn.

Som aktiv brukar kjenner nok Lars Inge Harang det meste av produkta i butikken frå før.  Foto: Jon Olav Ørsal

Som aktiv brukar kjenner nok Lars Inge Harang det meste av produkta i butikken frå før. Her med nyheiter for våren og sommaren. Foto: Jon Olav Ørsal

For Lars Inge Harang (44) er nok ikkje kolleksjonen til Kårvatn Fjellutstyr ukjent, som eigar og drivar av firmaet ”Trollheimen Aktiv” har han gjennom fleire år vore ein aktiv brukar av utstyret i butikken. Gjennom firmaet Trollheimen Aktiv har han drevet med utviklinga av friluftsopplevingar, og har hatt meir eller mindre heile landet som arbeidsområdet. Han har vore i farta både kvardag og helg – og til alle døgnets tider.

No følte han at tida var inne til for å bruke meir tid saman med familien, sambuar Berit og borna Alfred på 8 og ida på 10 år. Dei er alle ivrige friluftsmenneske og likar seg ute i naturen, slik som han sjølv. No gler han seg til å pakke teltet og dra på tur saman med dei når dei har frihelg eller ferie. Firmaet Trollheimen Aktiv kjem han til å fortsette med foreløpig, men blir no trappa ned til litt aktiviteten og tilpassa fritid og feriar.

På butikken til Kårvatn fjellutstyr blir han no parhest med Laila Kvendset Bergli, som er dagleg leiar. Da vi var innom butikken var ho ute på reise, men Lars Inge og Gudmund styrte butikken og var opptekne med å pakke ut masse nye klede som var komne inn dei siste dagane. Det måtte ei nitidig registrering til i datasystemet, før varene hamna i hyller og på torg.

Gudmund_LarsInge_7275

No er vårvarene på full fart inn i hyllene på Kårvatn Fjellustyr. Gudmund og Lars Inge dreiv med registrering og prising da vi stakk innom. Foto: Jon Olav Ørsal

Som sagt så kjenner nok Lars Inge Harang det meste av utstyret som finns i butikken godt, og no gler han seg til å møte kundar for å bryne seg på. Det er nok mange krevjande kundar her på butikken seier han. Mange av dei veit kva dei vil ha, og veit at dei finn dei rette varene her, supplerer Gudmund Kårvatn. Det kan faktisk være kundar som kjører langt for å kome hit til butikken, både for å få gode råd og kanskje litt spesielle produkt. – Dette er også noko som vi lærer av og kan dyktiggjøre oss som seljarar, legg han til. For oss er det gull verdt å få Lars Inge hit – han er ein fargerik person med mykje erfaring og kunnskap om det som vi held på med, seier Gudmund.

Kårvatn fjellustyr er leiande i marknaden for randoneeutstyr, – der var vi med heilt frå starten, og vi må nok jobbe godt for å halde den posisjonen. Etter kvart skal vi meir ut i verda for å følgje med på det som skjer både med tanke på sal av klede og anna utstyr, seier Gudmund.

 

Publisert: 8. mai 2015, 21:00