Mange som har passert Todalen Kyrkje i den seinare tida, har mest truleg lagt merke til at det har vorte nye utelys ved kyrkjegardsmuren. Dei gamle har vorte erstatta av nye i ein litt anna fargenyanse enn dei som var der før. Før ein vart vant til dei, minna det mesta om skinet frå eit bål i seine sommarkveldar. Men med det sure veret som har vore i de siste vekene så vart det reint så stemningfsfullt med preg av haust…
Lyskastarane kastar frå seg lyset i minste laget oppover. Med ei lita justering ville dei kanskje ha treft kyrkjeveggen.