Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Astrid Hyldbakk ny leiar for Stangvikfestivalen – og ny festivalhelg

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 5. juni 2025

I ei pressemelding no på morgonkvisten blir vi informert om at Stangvikfestivalen har fått ny leiar. Etter årsmøtet for 2025, er det klart at Astrid Hyldbakk tek over som leiar for Stangvikfestivalen etter Lise Mari Brøske.

– Eg er sjølvsagt litt spent, men eg gler også veldig over å bli ny styreleiar. Eg har vakse opp med Stangvikfestivalen som eit spanande og viktig kulturinnslag i bygda, så eg ser fram til å kome tettare på arbeidet med utøvarar, frivillige og støttespelarar.

Astrid får med seg omtrent heile styret frå 2024, der det einaste nye fjeset blir lokal musikar og spelemann Brage Einum. Resten av styret for neste års festival består av Sigrid Bøe, Jo Inge Nes, Rakel Polden, Mari Bøe og Håkon Solem.

– Eg vil takke Lise så mykje for ein enorm innsats over mange år, og så vil eg ønskje Brage hjarteleg velkommen. Saman med eit godt samansett styre og eit solid kunstnarleg råd med Sigrid i spissen, ser eg fram til å arbeide vidare med å løfte fram musikkglede og kulturopplevingar i bygda vår.

Ny festivalhelg i 2026

Neste Stangvikfestival arrangerast sommaren 2026, og nytt av året blir det at festivalen skiftar helg. Tradisjonelt har festivalen vore arrangert siste helga på juli, men i 2026 blir dato for Stangvikfestivalen flytta til 12. til 16. august.

– Somme nøkkelpersonar i festivalen har fått tilbod om andre viktige jobbar som kolliderer med festivalveka. Frå før ligg festivalen allereie samtidig som Norway Cup, Olavsfest og andre store arrangement, så vi gjer eit forsøk på å flytte festivalen til litt seinare utpå sommaren. Vi håpar publikum kjem og nyter festivalen fullt ut før kvardagen kjem att, forklarer Sigrid Bøe.

– Dette er ikkje noko vi må gjere, men er noko vi ynskjer å prøve. Ikkje minst for å sjå om dette kan vere ei helg som gjer at enda fleire kan besøke festivalen, supplerer Hyldbakk.

Om Stangvikfestivalen

Stangvikfestivalen er ein musikk- og kulturfestival som blir arrangert annakvart år, med utgangspunkt i Stangvik i Surnadal kommune. I seinare år har festivalen i tillegg hatt arrangement i bygdene Bøfjord og Todalen.

Stangvikfestivalen har med åra blitt kjend for den høge kvaliteten på innhaldet i programmet, der spennet ligg mellom kunstutstillingar og kammermusikk til uhøgtidelege barneforestillingar og feststemte konsertar. Stangvikfestivalen er eit viktig kulturelt høgdepunkt i regionen, og er eit resultat av ekstraordinær innsats frå lokalt forankra frivillige.

Publisert: 5. juni 2025, 07:41