Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ny laksesesong starta med grillkveld og lokal kultur

Jon Olav Ørsal Laurdag 1. juni 2024

Todalshytta markerte i lag med Todalen elveeigarlag at ny laksesesong starta natt til laurdag.  Med mykje god grillmat, og kulturelt innslag med Johanne Holten, vart det ei triveleg markering av starten på 2024-sesongen i Toåa.  Vêrgudane kunne nok ha vore litt meir slepphendte med sol og varme, men det var da eit godt alternativ å fortsette innomhus etter kvart.

Johanne Holten sørga for det kulturelle, og kunne by på både song og musikk som ei fin ramme rundt arrangementet. Foto Jon Olav Ørsal

Årets sesong startar eit par veker tidlegare enn det har gjort dei siste åra.  For Toåa er det kanskje tidleg nok, men det er fin fiskarelv med ei vassføring på 8-9 m3 ved Storfossen i går og det er nok laks på veg oppover elva no, seier leiar i elvaeigarlaget Stig Husby.  klokka 5:00 laurdag morgon var det enno ikkje rapportert inn nokon fangst, men det kjem nok etter kvart.  

Publisert: 1. juni 2024, 05:05