Todalen Sanitetsforening har også i år investert i eit nytt kunstverk som dei kjem til å selgja lodd på i løpet av 2012. Også denne gongen støttar dei opp om våre «eigne» kunstnanrar her i Todalen. I fjor var kunstnaren Elisabeth Aas, medan det i år er Ingun Redalen White som vart valdt. Bildet heiter «Death by Dior» og er på 50×50 cm.
Teknikken er fotocollage og illustrasjon, trykt på bjørkefiner måla med akrylmåling. Ingun fortel at bildet er fra den siste serien ho laga til separatutstillingen «Did I shave my legs for this?» på Galleri Ramfjord I Oslo fra 11. september 2010.
Bildet blir å finna i Sanitetshuset frå og med no og fram til desember, der det da er muligheiter for å ta lodd på det.