Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ny kraftledning vil passere Todalsfjorden

Jon Olav Ørsal Sundag 5. januar 2014

Ei ny 420 kV kraftledning som er planlagt frå Klæbu til Viklandet i Sunndal vil passere Todalsfjorden ved Svinvika. Etter som vi forstår skal den nye linja erstatte 300kV-linja som går på denne strekninga i dag, og kjem stort sett til å følgje denne traseen. Tysdag kveld 7. januar kl 19.00 blir det folkemøte og orientering om saka. Det skjer i kommunestyresalen i Surnadal

NVE har motteke høring/melding om ein ny kraftledning som erstatning for eksisterande 300 kV-ledning mellom Klæbu kommune og Viklandet transformatorstasjon i Sunndal kommune. Den planlagte kraftledningen vil  berøre  Klæbu, Trondheim, Melhus, Skaun, Orkdal, Meldal, Rindal, Surnadal og Sunndal kommunar. Prosjektet er i planfasen, og kart er lagt ut på nettet dersom du vil skaffe deg meir informasjon om dette.

På møtet vil NVE orientere om den formelle behandlinga av meldinga, medan Statnett SF vil orientere om prosjektet. Meldinga er lagt ut til offentleg gjennomsyn i dei kommunane som blir berørt.

Kabeldismensjonen er mesta den same som på «General løs». Foto: Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 5. januar 2014, 20:17