Det har ei stund vore planer om å skifte ut den gamle komfyren i Todalen ungdomshus med ein ny. Så da idrettslaget kom over ein nær ubrukt gasskomfyr, vart det fort bestemt at den skulle kjøpast og installerast i ungdomhuset.
Gasskomfyren har tidlegare stått på kjøkkenet i klubbhuset til Surnadal IL på Syltøran stadion, men dei har nesten aldri brukt han. Dei såg ikkje å ha bruk for den lenger, og når dei no skulle pusse opp kjøkkenet på Syltøran, valde dei å legge den ut for sal til ein gunstig pris.
– Vi la inn eit bod på gasskomfyren, og fekk tilslaget, fortel leiar i Todalen Idrettslag, Elinor Bolme.
– Så dette er i aller høyeste grad kortreist bærekraft og gjenbruk i praksis, avsluttar ho.
Gasskomfyren vart installert og teste i ungdomshuset søndag kveld, i samband med at idrettslaget hadde styremøte der søndag kveld.
– Dette er ei klar oppgradering av kjøkkenet i ungdomshuset, og vil løfte kvaliteten på maten som blir laga enda eit hakk opp, kan ein nøgd anleggsleiar i idrettslaget, Lars Stensby, konstatere.
– Det høyres lovande ut, for på den gamle komfyren har det vore laga mykje god mat i mange tiår, seier driftsleiar i ungdomhuset John Moe!