Kvinneutvalget i Surnadal jeger og fiskerforening i lag med kvinneutvalget i fylkeslaget inviterer til aktivitetshelg for jenter 11.- 12.august 2018. Dei gjentek opplegget frå i fjor, og legg turen til Jutulbu i Halsa.
SJFF skriv på si heimeside at samlinga starar kl. 12.00 lørdag 11.august med oppmøte ved Felleskjøpet på Halsa. Her blir det ei helg med fiske friluftsliv og sosialt samvær i sentrum, før dei avsluttar med leirdueskyting i Bæverdalen søndag ettermiddag.
Deltakeravgifta er på kr.400,- for medlemmer og 600,- for andre som har lyst til å bli med. Denne dekkjer overnatting og fellesmåltid på Jutulbu, utgifter til ammunisjon og bevertning.
Les meir på Surnadal Jeger og fiskeforening si heimeside.
Ta kontakt med Turid Sættem Eggen (97542287) for meir info eller påmelding.