Todalen Sanitetsforening startar førstkommande tirsdag opp att med sanitetsmøte i Todalen Sanitetshus. Dei er ei aktiv forening som engasjerer seg i det meste innan kvinnehelserelatert arbeide. I tillegg eig dei sitt eige hus, som dei har vedlikehald på.
Foreninga tel no mellom 15 og 20 aktive medlemmer. Men her er det absolutt rom for enda fleire. Så har du lyst til å bli kjent med foreninga, og litt av kvinnenettverket i Todalen, er det berre å ta seg ein tur tirsdag kveld. Styret ønsker både nye og gamle medlemmer velkomne til ein ny haustsessong i Saniteten! Dei lovar kaffe, enkel servering og utlodning.