I år blir det nok ny giv for Kjerringdilten, seier Terje Nordvik som saman med styret for TIL Skihytta har invester i nye startnummer til årets arrangement. Langfredag er nemleg årets høgdepunkt, når Kjerringdilten går av stabelen. Terje er leiar i hyttestyret, og saman med Veidekke som sponsor er det investert 10-12.000 i nye startnummer til Kjerringdilten og andre arrangement på Skihytta som Todalen IL har på Ørsalfjellet.
Det er reklameavdelinga på Trollheim AS i Surnadal som har stått for produksjonen av startnummra og har trykt på starnummeret og logoen til sponsoren Veidekke. Eva Holten hos Trollheim fortel at dei kjøper startnumra ferdigsydd i forskjellige størrelsar – så er det reklamavdelinga på Trollheim som lagar dekor og som overfører den til startnumna i produksjonslokala i Røtet.