Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ny ferge gjev færre avgangar og lengre seglingstid

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 17. desember 2020

Det var stor glede da det vart kjent at rute 46 – Kvanne – Rykkjem skulle få ny ferge i samband med nytt anbod frå 01.01.2020. I haust var den nye hybridferga Stangvikfjord på plass, og med den dukka nye utfordringar opp. Når nyferga bremsar opp for å legge til  kai på Kvanne, lagar propellane så  mykje virvlar i vatnet at fundamentet på den gamle dampskipskaia, ved sia av fergekaia på Kvanne blir ødelagt. Dette har allereie ført til at deler av kaia har sklidd ut og hamna i sjøen. 

Dette har gjort at Møre og Romsdal fylkeskommune ser seg nødt til å redusere talet på avgangar og auke seglingstida frå 12 til 18 minutt. Dette vil bli gjennomført allereie frå den 2.jaunuar, dersom forslaget frå fylkeskommunen blir ståande. Fylkeskommunen håper at færre avgangar kombinert med lågare seglingsfart skal redusere påkjenningane på den gamle dampskipskaia inntil ein har fått forsterka den. Surnadal og Sunndal kommunar har varsla at dei ikkje godtek endringane, men inntil vidare står dei nye rute- og seglingstidene fast. 

Så langt er det ikkje kjent kor lang tid fylkeskommunen ser det naudsynt med desse tiltaka eller kor lenge arbeidet med utbetringane på den gamle dampskipskaia vil ta.

Dei nye rutetidene er tilgjengelege på Fram sine heimesider. Vi får opplyst frå Fram Møre og Romsdal fylkeskommune at det kjem til å bli nokre små justeringar i rutetidene, så det vil heilt sikkert vere lurt å sjekke rutene før ein skal ut å reise!

Publisert: 17. desember 2020, 14:33