Vi er som vanleg klare med ny trekning i var Julekalender – no er vi komne til luke 8, og bak den luka var det faktisk 3 nye gevinstar som er klare for nye eigarar. Den første gevinsten var ei brodert pute, og den vart trekt ut på Maren Ansnes, og og hamna altså i Halagrenda.
Den andre gevinsten, som er eit par tøfler, hamna like godt i Bæverfjorden hos Norunn Holten. I det langvarige kaldvêret blir det sikkert godt å få eit par med varme tøfler.
Gevinst nr 3 som er eit brett med egg hamna på Todalsøra. Reidar Østvik vart den heldige vinnaren, og det finns mange gode eggrettar så her er det berre å hente ut oppskrifter frå nettet og sette i gang.
Felles for alle vinnarane er at det blir kontakta av Todalen IL, trimgruppa med tanke på utlevering av gevinstane.