4 gevinstar skal også fordelast i dag etter at vi har opna luke nr 16. Første gevinsten er eit par ullvottar, der Dordi og Johan Hals er heldige vinnarar.
Dagens andre gevinst er 2 glas med gele – ein med ripsgele og ein med eplegele – kortreist og heimlaga. Vinnar vart Familien Nestua på Halset.
Tredje gevinsten vart også eit par med ullvottar – her var Ingrunn Torvik på Husby den heldige vinnaren.
Siste gevinst i dag er eit brett med 30 egg – heldig vinnar vart Ria Storslett i Innerbaugen. Felles for alle vinnarane er at dei får ein kontakt med TILs trimgruppe for å avtale overlevering av gevinstane.