Før første gong satsar Talgø-bedriftene på felles marknadsføring for dei tre produksjonsbedriftene. Det gjelder T-Komponent i Rindal, MøreTre i Surnadal og Talgø Møbelfabrikk i Todalen. Den felles satsinga i ny 68-siders byggvarekatalog styrkar satsinga mot byggvaremarknaden i Norge, og er eit langt skritt framover, sier konsernsjef Terje Talgø som også er stolt av at ein no kan får Talgø® som felles branding for alle bedriftene. Ved MøreTre vil ein samtidig få ei nysatsing på royalimpregert virke gjennom produktmerket MøreRoyal®.
«Den stor byggvarekatalogen 2010-2011» presenterer dei produkta som Talgø-bedriftene marknadsfører gjennom byggvarebutikkane. Dette kjem i tillegg til dei tradisjonelle møblane som vert omsett gjemmom møbelbutikkane, der Talgø har ein sterk posisjon gjennom Skeidar- og Bohuskjeden.
For Talgø Møbelfabrikk sin del så er det badinnredninger og eit utval garderobar som er med i katalogen. Når det gjeld MøreTre så er det impregnerte kledning, tak og terrasser under varemerket MøreRoyal®. T-Komponent satsar stort på ferdigmåla panel for tak- og vegg, listverk, utforingar, furugulv, hobbyplater, reolar og mykje meir.
Den nye katalogen er laga av reklamebyrået Amfi Kreativ i Surnadal, som har gjort ein kjempejobb med å samle alle byggvarprodukta frå Talgø-bedriftene i ein oversiktlig og delikat katalog, sier Terje Talgø til Todalen.no.
Du kan få fram ein «bla-versjon» av katalogen på skjermen ved å klikke her. Katalogen blir da lasta ned og du kan bla gjennom den i ro og mak.