I dag er det ein stor merkedag, når vi endeleg kan presentere det første bindet i den nye bygdebokserien, sa Lars Polden som er leiar i bygdeboknemnda i kommunen. Det første bindet omhandlar Todalen, eller rettare sagt frå Åsbøen, med Nordvik og Todalen opp til Kårvatn. Målsetninga var ein revisjon av den gamle Hyldbakk-boka «Heimar og ettar i Stangvik», men den nye boka er mykje meir – meir av alt.
Pressa vart invitert til presentasjon av den nye boka, saman med grendekontaktar, Slektforumet, arbeidsgruppa og andre som har delteke i arbeidet med boka. Lokale grendekontaktar i Todalen har vore Inger Johanne Iversen, Ragnhild A. Moe og Ingri Bruset. I tillegg har Todalen historielag vore involvert og har bidrege med mykje info frå både bildearkiv og info frå årsskrifta.
Det er lagt ned ein enorm insats frå denne gjengen som sia 2010 har jobba med innsamling og systematisering av alle data, bilder og tekster og resultat har vorte til ei praktfull bygdebok på 573 sider. og den er fullspekka med informasjon om husa, folket og mykje historie frå Nordvik og Todalen. Vi har berre bladd gjennom boka i full fart, men den ser veldig oversiktlig og velorganisert ut – og er lett å finne fram i. Det er mange bilder, og kartutsnitt for kvar grend, og gjennom boka er det «krydra» med mange små historier. – Eit produkt som alle involverte har grunn til å være stolte av.
Siv Oddrun Snekvik og Norunn Holten har vore tilsett i prosjektet, medan Lilli Husby og Råg Ranes har jobba med prosjektet administrativt. Elles har bygdeboknemnda bestått av Lars Polden, leiar, Marit Granhus Langli, Gudrun Storholt, Inger Johanne Iversen og Jon Storløkken som har representert Slektsforum for Indre Nordmøre.
Lilli Husby, Norunn Holten og Siv Oddrun Snekvik orienterte om prosessen med den nye bygdeboka – om valg av arbidsmåte, datateknologi, innsamling av info frå heimane, registrering av info frå kyrkjebøkene – ein lang og omstendeleg prosess som berre måtte ta lang tid. Men no er altså bind 1 klart for sal, og premieren blir i eiga salsbod på Norsk Laksefestival på Skei, og der opnar salsboda kl 12.00. Og prisen – den blir på kr 700,- pr stk, og den skremmer nok ingen for ei bok med så mykje lokal historie og informasjon.
Neste laurdag – 2. juli – er dei på plass med salsbod på Todalsdagen på Bordholmen