I 2009 gjorde kommunestyret vedtak om å revidere alle bygdebøkene i Surnadal kommune. No er den første boka snart klar – den nye bygdeboka for Todalen kjem ut i midten av november 2015. Denne boka dekkjer området Åsbø, Nordvik og Todalen og vil koste 550 kroner.
Dette fortel leiar i bygdeboknemnda Lars Polden, prosjektleiar Lilli Husby og prosjektmedarbeidar Norunn Holten. Dei nye bygdebøkene er ein revisjon av Hyldbakkbøkene, men alt stoffet blir gjennomgått på nytt, feil blir retta opp og bøkene blir ajourførte fram til i dag. For å sikre riktige opplysningar frå før 1930, blir kyrkjebøkene nytta. For å få korrekte opplysningar om nyare tid, har alle husstandane i kommunen fått tilsendt eit spørjeskjema, og Norunn Holten er svært godt fornøgd med svarprosenten! Det blir nye bilete av husa, mest alle i fargar. Bygdeboknemnda legg vekt på at alle blir omtala på ein likeverdig og verdig måte. Likeså er forteljinga viktig, spesielle hendingar av historisk verdi, blir med i bøkene. Boka for Nordvik og Todalen er snart klar for korrekturlesing. I løpet av mai vil nordvikgardingar og todalingar få høve til å lese gjennom, kommentere og korrigere opplysningar om eiga slekt.
«Det er svært viktig at boka for Todalen, blir så rett og bra som mogleg», seier Lilli Husby, da denne boka blir malen for dei andre ni bøkene. Det blir trykt opp 1500 eksemplar av kvar bok. Dei andre bøkene kjem i denne rekkefølgja: Stangvik, Mo, Øye, Ranes og Åsskard.
Arbeidet med å revidere bygdebøkene er eit prosjekt, der det er to kommunalt tilsette, og så er resten dugnadsarbeid. I alt 150 personar er aktive med i dette arbeidet, og den friviljuge innsatsen verdsett Lilli Husby til over 10 millionar kroner! «Det blir det viss det skal reknast timar og timebetaling,» seier ho. Ikkje minst har Slektsforum for Indre Nordmøre lagt ned eit kjempearbeid for å digitalisere kyrkjebøkene, det har dei arbeidd med i tretten år og det er blitt tretti årsverk.
Bygdebokportal
Heilt nytt frå i dag er bygdebokportalen.no. Dette for å få betre og meir direkte kontakt med publikum. No kan den enkelte gå inn på denne sida og gi tilbakemelding direkte til bygdebokprosjektet. Plana vidare er at det etter kvart blir slik, at ein her kan bestille og handle bøker, og abonnere på elektroniske utgåver av bygdebøkene. Bygdebokportalen er laga av Agathon IT ved Tove Merete Schei.
Og viss ein vil oppsøke bygdebokskrivarane, så er dei å treffe i kjellaretasjen på Kulturhuset