Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ny bru på plass i Kvennsetdalen

Jon Olav Ørsal Fredag 7. juli 2017

I vinter reiste isfåra i Rossåa med gangbrua som gikk over elva nedafor Hopsetra i Kvennsetdalen. Brua låg i elva litt nedafor brufestet, og her var det heilt klart at det mått hjelp av helikopter til for å få ny bru på plass og til å frakte ned restane av den gamle brua. Tysdag kom helikopteret som skulle utføre transporten.

Med Nybrua på slep – helikopteret er klar til å sette den på plass.

Den nye brua vart hekta på, og så bar det til vêrs og i retning Kvennsetdalen. Den nye brua fikk det same brufestet som den gamle, og der vart ho heisa rett på plass, og kunne takast i bruk. Den gamle brua som no låg i elva litt lenger ned, vart så hekta på og dermed bar det ned i bygda.

Helikopteret hadde også andre oppdrag når dei først var i bygda, og det var floge opp materialar og utstyr på fleire plassar.

Nybrua er komen på plass – da er det berre å håpe at den får ligge i fred for isen ! Foto: GKK

Helikopteret svever så vidt over tretoppane – no skal den hekte på gammelbrua og frakte restane av den ned til grustaket på Kvennset. Foto: GKK

 

 

Først publisert: 7. juli 2017, 06:00 - Sist oppdatert: 6. juli 2017, 22:43