Torsdag var Hjellnesvegen stengt eit par timar i samband med støyping av fundament til ny bru over Kvennhuselva. Det er i samband med auka trafikk på grunn av linjebygging at Statnett bygger ny bru over Kvennhuselva. Når arbeidet med linjebygging startar i vår kjem det til å bli mange tunge lass som blir frakta oppover til helikopterbasen ved Hjellnes.

Her er støypearbeidet kome i gang – her blir det fundament til den nye brua over Kvennhuselva. Foto Jon Olav Ørsal
Både betong til fundamentering og stål til å bygge master kjem til å bli frakta dit for å bli frakta med helikopter både i retning mot Kvenndalen og over fjorden mot Ålvundeidet. Brua over Kvennhuselva er ikkje noko stor prosjekt, men det er Bredesen som har hovudentreprisen, medan det var Cristie som utførte støypejobben i dag, med betong frå Surnadal betong.