Aron Rodal Haugen rundet av årets juniorverdscup med 3.-plass og bronse i dagens vertikal i Puy-Saint Vincent i Frankrike. I klassen U18 men kom Aron i mål på 16:28 som er +0:23 etter Langjia Gongsong frå China som fekk beste tid på 16:05. Nest beste norsk vart Iver Holen med 18:06 og +2:01.

Randogjengen har gjort ein kjempeinnsats i Puy-Saint Vincent – vi har grunn til å være stolte av ungdomane som har konkurrert i dei Franske alpene den siste veka. På bildet har vi U18/20 menn – Hampus, Mads, Iver, Isak og Aron. Foto Halvor Drøpping
Dei andre norske deltakarane, Hampus Mack Tronvoll kom på 20.-plass med + 2:21 og Isak Drøpping på 30.-plass med +3:14. For Isaks del så henger nok «flussuå» i enda da det er berre 3-4 dager sia han hadde sjukdomsforfall.
I klasse u20 Damer fikk Elise Hjelset Andersen ein fin 6.-plass med tida 20:16 (+1:33) og Ingfrid Klokset kom på 16.-plass med +4:53. I skrivande stund er ikkje Mads Gjethammer ikkje komen i mål – han går i klasse U20 men.
Dagens vertikal er siste konkurranse i juniorverdscupen, så no settes nasen heimover for påskeferie og konkurranse i Tromsø før sesongen er slutt. Vi stiller oss i rekken av gratulanter og er imponert over innsatsen som er gjort i Puy-Saint Vincent – sterkt levert i høgda!