Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ny besetning på plass – snart blir det egg igjen

Jon Olav Ørsal Laurdag 29. mars 2014

Fredag morgon auka innbyggjartalet dramatisk i Hallagrenda. Det kom nemleg 7500 nye verpehønder, som flytta inn i hønsehuset i Pestua. I dag tidleg svinga dyretransporten til Arne og Andreas Salte inn på gardsplassen, og da stod lossegjengen klar til å ta i mot og plassere dei nye hønene i nyvaska og desinfiserte bur. Her skal dei bu til dei er 76 veker, og så må dei ut igjen.

Det er jubileumsår i hønsehuset til Anders A. Karlsen. 10 år er gått sia hønsehuset stod klart til å ta i mot den første besetninga, den 28. mai 2004. Sia den gongen har det vore 8 besetningar, og i dag kom den 9. Tilsaman har rundt 1.380.000 kg egg vorte produsert i denne 10-årsperioden. Normalt produserer ei høne rundt 23 kg i løpet av sitt 76 veker lange liv.  I starten verper 97 % av hønene kvar dag, medan dei på tampen av produksjonstida er nede i 85%. I gjennomsnitt blir det altså knapt 1 egg pr dag, og så er det slutt. Etter 76 veker er det enten slakting, eller gassing og destruering som står for tur.

Arne&Andreas_9746

Arne og Andreas Salte kom frå Jæren med 7500 nye verpehøner til Pestua. Foto: Driva/Jon Olav Ørsal

Det er Arne og Andreas Salte som står for leveringa av nye høner til Pestua. Dei har levert alle besetningane, heilt sia starten for 10 år sia. Dei driv kyllingoppdrett på Jæren, og lasta opp bilen i går for å starte turen til Todalen. I dag tidleg var dei altså framme og klare for levering. Dei fortel at norske høner (og egg) er i verdstoppen når det gjeld kvalitet. Heile bransjen er livredd for sjukdomar, og i så måte er Noreg, Sverige og Finland i særklasse når det gjeld dyrehelse. Her kan vi nok takke store avstandar og små besetningar for at vi har klart å halde sjukdomar som salmonella unna. På kontinentet får hønene 16-17 vaksiner før dei går i produksjon, og faren for infisering er likevel overhengande. I Noreg er det nok med ei vaksine mot «barnesjukdomar», og her kan vi trygt tillate oss å spise blautkoka og steikte egg, utan risisko for sjukdomssmitte.

Dyretransport_9756

Transporten gikk non stop Jæren – Todalen med klimastyrt dyretransport. foto: Driva/Jon Olav Ørsal

Dette er ein konkurransefordel som vi må ta vare på, og difor er kontrollen med import av livdyr frå utlandet veldig streng. Ein må difor importere besteforeldregenerasjonen som må stå lenge i karantene før ein lagar foreldregenerasjonen som så kan setjast i avl for å være sikker. Hønene i Pestua er av typen «Dekalb white», og er kvite høner med nederlandsk opphav. I tillegg er det kjøpt inn nokre brune høner, da det også er etterspørsel etter brune egg.

No er altså nyhønene plassert i bura sine. Det er såkalla miljøinnredning, der det er plassert 9 i kvart bur. I buret har dei tilgang på strøsand, sittepinne og eit rei for å verpe i. Dette er rekna for å være den beste løysinga for eggproduksjon i dag, sjølv om ein samanliknar med frittgåande høns som går lause i huset eller økologisk produksjon der hønene har tilgang på uteareal, seier Andreas Salte. Han fortel vidare at folk ofte er negative til burproduksjon, men dei tenkjer da på den gamle typen med nakne bur, men desse var det slutt på i 2012.

Pestua_Burgjengen_9754

Pause i lossinga. Frå venstre Anders A. Karlsen, Oddvar Mikkelsen, Odd Magne Haugen, Alexander Naustbakk, Jo Kvande Hansen og Alf inge Ulvund. Foto: Driva/Jon Olav Ørsal

Dei er ein fast stab som er med på både mottak og uttak av høner når dei skal skifte besetning, fortel Anders A. Karlsen. Han legg ikkje skjul på at det er ein retteleg «skitjobb», og skryter uhemma av gjengen som tek slike oppdrag. Denne dagen gikk jobben unna på 3-4 timar, berre avbrote med ein kaffepause og gigantisk «fole» med graut og bakels som Maren hadde laga.

No gjeld det berre å kome i produksjon, og etter plana skal dei første egga kome om eit par veker, og så blir det full guffe kvar dag fram til ferien 2015, og til da skal dei levere over 300 pallar, dersom alle gjer jobben sin!

 

 

Først publisert: 29. mars 2014, 00:01 - Sist oppdatert: 31. mars 2014, 22:50