Ein liten ulmebrann i maskinrommet på MS Tollesund laga mange forviklingar laurdag. Brannen var udramatisk og var fort sløkt med Co2-anlegget ombord. I kveld kom ny båt på plass, som skal vikarere for MS Tollesund fram til søndag kveld. Båten som tek over ruta dei to neste dagane er MS Marine Express, som kjem frå Gulen Skyssbåt Service i Gulen, og har skipper Andreas Bendal og matros Geir Belsaas som mannskap.
Frå måndag skal MS Mariene Express starte skuleskyssen igjen på Sunndalsfjorden, og da skal MS Tollesund være på plass igjen på ruta Todalen – Svinvika. Marine Express har plass til 63 passasjerar ombord.