Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ny årsutlodning i saniteten

Elinor Bolme Laurdag 9. januar 2016

Todalen Sanitetsforening har dei siste 4-5 åra hatt eitt kunstverk til utloddning gjennom heile året. 2016 er intet unntak, og i år har sanitetsforeninga FÅTT dukka Tora med stor heimestrikka garderobe av Liv Jorun Bævre Moe. Dukka er  i størrelse 40 cm, og Liv Jorun har strikka ei heil garderobe, samt stol og koffert til oppbevaring som medfølgjer.

Dokka vil ha tilhald i Sanitetshuset gjennom året, men vil nok bli å sjå på Hals utover våren ein gong eller to for salg av nummer. Trekninga vil skje under førjulsarrangement på desember 2016.

image

Tora i festdrakt.

Publisert: 9. januar 2016, 10:43