Fredag dukka det opp to teikn som bekreftar at hausten er komen, og at det etter kvart går mot ein ny vinter. Utsetting av brøytestikker er eit slik tegn, og nysnø langt ned i Snøfjellet er eit anna teikn.

Den første snøen kom natt til fredag – natt til laurdag kom det enda meir. Slik såg Snøfjellet ut laurdag morgon da det dukk fram frå tåka. Foto: Jon Olav Ørsal
Det var ein bil frå Mesta som tok runden rundt bygda med brøytestikker. Det er nemleg Mesta som tok over vegvedlikehaldet her i regionen etter at avtalen med Veidekke gikk ut – det var skifte frå 1. september i år og den nye avtale gjeld i fleire år framover.