Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

NVE – Stor snøskredfare i Trollheimen torsdag

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 17. februar 2021

NVE melder gjennom varslingstenesta varsom.no om stor snøskredfare i Trollheimen torsdag 18.februar. Faregraden er sett til 4 – for regionen Trollheimen, Romsdal og Sunnmøre. På fredag ser det ut til at faregraden går litt ned att, men skal du på tur rett før helga, eller i helga, kan det nok vere lurt å følgje med på varsom.no før du vel turmål. Grunnen til at det er så stor snøskredfare no, er eit svakt snølag høgt i snødekket. Dette gjer at det er stor fare for å utløyse snøskred. 

Det blir difor frarådd å gå inn i områder som er brattare enn 30 grader og at ein unngår terrengfeller. 

For å sjekke snøskredfaren og andre varsel når du skal på tur, trykk på lenka: varsom.no

 

 

Publisert: 17. februar 2021, 16:38