Mykje lokal nedbør og vind fører til auka snøskredfare i Trollheimen, melder NVE på si varslingsteneste Varsom.no. Laurdag er det meldt raudt farenivå for Trollheimen. Vær difor forsiktig i leområder og terrengformasjonar der vinden legg frå seg ustabile nysnøflak.
På søndag er farenivået sett til oransje, men det er framleis grunn til å vere særs forsiktig, sjølv om farenivået altså er litt lågare for søndag.