Oppdrettsnæringa er i ferd med å ta livet av den ville atlantiske laksen, som Norge har internasjonalt verneansvar for. Lakselus, rømming og sjukdommar er tre av dei fire største truslane mot laksen. Klimaendringane er med på å forsterke desse.
Dette er dessverre altfor synleg i elvene våre. Oppgangen av laks er så redusert at mange elver vart stengt for fiske i 2024. Men trusselen frå oppdrettsnæringa er så sterk at stengte elver ikkje kan redde laksen. Det må skje noko med måten lakseoppdrett blir drive på, og det må skje raskt.
Alle ytre negative faktorar som ikkje er av naturleg opphav bidreg i feil retning på levande individ og stammar i naturen, der oppvekstvilkåra allereie frå naturen si side er marginale.
Oppdrettsindustrien er i høgste grad ein slik unaturleg faktor. Kraftregulering i elvene er ein annan. Der er regulantane i det minste pålagt erstatningar og utsetting av ungfisk, gjennom konsesjonar. Vi meiner det er på høg tid at oppdrettsnæringa får eit mykje strengare regime for korleis næringa kan drivast. Lukka oppdrettsanlegg er eit krav som hastar.
Organisasjonen Norske Lakseelver krev nullutslepp frå lakseoppdrett: ikkje lus, ikkje rømmingar, ikkje sjukdommar, ikkje forureining. Da må det bli slutt på opne merder med direkte utslepp i sjøen.
Lukka merder vil òg redusere dei dramatiske dødstala i næringa: i 2023 døydde 63 millionar laksar i norske sjøanlegg. Pelsdyrnæringa er forboden frå 1. februar 2025, av omsyn til dyrevelferda. Kva med dyrevelferda i oppdrettsindustrien?
Den atlantiske laksen er no ført opp på raudlista, som nær trua. I 2024 gjekk til saman rundt 400.000 laksar opp i norske elver. Samtidig vart tusen gonger så mange laksar sett ut i oppdrettsmerdene. Presset mot den ville laksen er massivt.
Vi støttar kravet til Norske Lakseelver om lukka oppdrettsmerder. Det same gjer fleire ordførarar i og nær området vårt: Hugo Pedersen (Surnadal), Mildrid Kattem Aune (Rindal), Elisabeth Hals (Oppdal), Yvonne Wold (Rauma) og Hanne Nyhus (Orkland).
Kommande generasjonar må få oppleva levande elver, kvar med sin unike laksestamme. Signer oppropet til Norske Lakseelver i dag og ver med på å redde laksen.
Tor Fredrik Mikkelsen, Søya elveeigarlag
Kirsti Fagerslett, Eira elveeigarlag
Georg Solem, Surna elveeigarlag
Tore Krogen Nerhoel, Driva elveeigarlag
Stig Husby, Todalen elveeigarlag