Det vart tysdag ein fin start på november, med temperaturar langt over det normale. Jon Bruset på Småhjellå er vår «referansestasjon» når det gjeld registrering av minimum- og maksimumtemperaturar dei siste 20 år. Hos Jon var det målt maksimumstemperatur på 13,8 grader natt til tysdag og utover dagen har det berre gått oppover. Underteikna kunne i tidleg tysdag kveld registrere 17,9 grader og kanskje er det andre plassar det har vore enda høgare temperaturar.
Dei høgaste novebertemperaturane Jon har registrert sidan 1990, er er +20, 8 den 6. noveber i 2003, elles var det +18,7 i 2005 og +17,2 i 1999. Kaldaste november han har registrert, var i fjor (2010), da dei fleste dagane hadde frost. I November 2010 var det faktisk 7 dagar det var registrert tosifra tal med kuldegrader. Vi får berre håpe at det ikkje blir slik i år!
Vêret dei neste dagane kan du sjå ved å klikke på linken til yr.no