IL Søya melder på sine nettsider at kampoppsetta for laga som skal nedover på Norway Cup siste helga i juli no er klare. Herifrå stiller tre lag med navnet Kvass/Ulvungen/Søya/Todalen; 2 G14 lag (7-er og 11-er) og eit J14. J14 møter tre norske lag i innleiande runde, mens G14-laga får møte utenlandsk motstand. Gaza Unrwa (Gaza/Palestina) og Iskra Belarus (Hviterussland) kan bli spennande motstandarar for gutane.
Begge G14-laga har havna i puljer med 5 lag, dvs. at dei får spele 4 kamper i innleiande runde. Samtlege lag får minimum 1 sluttspillkamp i tillegg.