Kvart år i veke 31 arrangerer Bækkelaget Sportsklubb fotballturneringa Norway Cup i Oslo. Dette er ei internasjonal turnering, og er ifølge arrangørane verdas største fotballturnering for barn og ungdom. Surnadal og IL Søya stiller i år med ni lag, som har med spelarar frå Toalen, Nordvik, Kvanne og Stangvik.
Todalen.no har ikkje kapasitet til å dekke kampane eller oppdatere resultata frå kampane i Oslo, men følg lenka kampoppsett og resultat Norway Cup 2025. I søkefeltet under resultater 2025 skriv ein Surnadal, og får da opp alle laga frå Surnadal som er med. Trykk på laget ein vil sjå kampoppsettet og resultata for. Da får ein full oversikt over laget sine kampar, både wpelte og kampar som skal spelast.