Guttene på Kvass/Ulvungen/Søya/Todalen G14 sitt 7’er lag gjer det fortsatt kjempebra under Norway Cup. Dei spela i dag tidleg 1/8 finale mot Ranheim 3, som dei slo 3-0. I følge rapportar vi har fått spelar mannskapet kjempebra og klarar fortsatt å halde tempo og glød oppe på 5. dagen. Målscorerar var Tore Bæverfjord, Erik Kvendset Andersen og Eirik Wirum(?).
Dermed gjekk dei vidare til kvartfinale mot Abildsø no i ettermiddag. Der er det no bekrefta at gutane dessverre tapa 3-0. Men mannskapet kan verkeleg vere stolt over eigen innsats i cupen. Den beste av dei tre magasin reiste nedover frå KUST.
Foto: Heid Snekvik