Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Norway Cup dag 3, berre eitt lag til A-sluttspelet

Elinor Bolme Tysdag 29. juli 2014

Også i dag har de lokale laga vore i aksjon på Ekeberg, med varierande resultat. G14 STUK møtte Snarøya, som dei tapte heile 7-0 mot. Det betyr B-sluttspel i morgon, mot Kolbotn.

J14 KUST spela mot Bjerke i kveldinga. Der vart resultatet dessverre 1-0 i favør Bjerke. Dette gjer at jentene kjem i B-sluttspelet i morgon.

For G16 KUST/Surnadal vart det tap 9-0 mot Fjellhamar 1 i går kveld, medan Hafslo/Aurland venter gutane i kveld. Her har vi no fått bekrefta at dei tapte 1-0, og spelar dermed i B-sluttspelet dei også.

J16 KUST derimot spela 1-1 mot puljevinnar Løten, og greidde å sikre seg plass i A-sluttspelet i morgon.

image

Jentene på J16 med trenarar.

 

image

G14 mannskapet klare for kamp.

Om nokon lurar på desse forkortelsane som ikkje er heilt like, så er det klubben som har administrasjonen av laget som står først. Derav KUST og STUK. Alle foto i dag også er lånt frå IL Søya si facebookside.

 

Publisert: 29. juli 2014, 19:20