Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Norskkurs på kveldstid

Elinor Bolme Onsdag 12. mars 2014

Kvar mondag og onsdag er det arrangert norskkurs ved Todalen Skule. Dette etter initiativ frå Folkeakademiet i Surnadal, da det har vore stor etterspørsel blandt ganske mange framandspråklege innbyggjarar i Todalen. Olaug Roaldset er undervisningsansvarleg og tilsett som lærar av Folkeakademiet. Ho er for tida busett i Trondheim og pendlar til Todalen for å undervise tre timar to kveldar i veka.

Norskkurset vart oppstarta sist i januar, med to klassar kvar kveld fordelt på 6 deltakarar i begge gruppene fortel ho. Ei for nybegynnarar, og ei for vidarekomne. Da todalen.no var innom, var oppmøtet litt labert, men stort sett er dei fulltallige.

Det polske ekteparet Wlodzimez Jan og Anna Maria Gielzakowski og vennen Radoslaw Krajewski sett stor pris på tilbudet, og gjekk ivrig inn arbeidet. Litt vanskaleg måtte de innrømme at det var, men dei meinte at det var nødvendig med betre kunnskap.

Først publisert: 12. mars 2014, 20:00 - Sist oppdatert: 13. mars 2014, 11:06