Tre nye filmar på Surnadal kino denne helga; og alle er spesielle på sin måte!
Som herr Feng, ei søt og uskuldig mus som viser seg å vera ein heilt vill meister i Kung-Fu. Han skal hjelpe ekornet Egon og andre dyr med å hindre at den sleske borgarmeisteren øydelegg parken dei bur i. «Det elleville nøttekuppet 2» (6 år) går frå i dag fredag 19. januar.
Som vaksenfilm fredag går «Downsizing» med Matt Damon og Christoph Waltz. Den har fått ein del pressedekning tidlegare, da filmen delvis er spelt inn i Norge. «Downsizing» er ei absurd dramakomedie om ein mann som meiner livet hans blir langt betre om han krympar seg. Men det skal vise seg at det ikkje blir lett å vere ei miniatyrutgåva av seg sjølv heller. Filmen blir også vist laurdag kl. 13.00.

«The Greatest Showman» blir også vist laurdag 20. januar (kl. 16.00).
Og denne flotte filmen tek for seg amerikanske P. T. Barnum, som vart mest kjent for å starte opp med spektakulære show og sirkus på 1800-talet. Filmen har fleire songnummer og det er Hugh Jackman som har hovudrolla. Kritikkane har jamt over ligge på 5 og 4 på terningen.

Matt Damon og norskætta Kristen Wiig i «Downsizing», som altså delvis er spelt inn her til lands. Det er difor også fleire norske skuespelarar i filmen.