Surnadal normisjonsforening arrangerer også i år vårmesse til støtte for misjonens arbeid i fleire land, eit arbeid som starta i India for vel 150 år sidan som Santalmisjonen. Messa blir halden heile ettermiddagen laurdag 21. april på Eidet bedehus med opning kl 13 og møte kl 16 med trekning av hovedlotteriet.
Det blir sal av varer, kaffe og mat, daglotteri og kakelotteri. Misjonsinformasjon ved regionleiar Torgeir Frøsøye m.fl og song ved Karen Oddny Husby Gravvold. Alle er velkomne til hyggeleg sosialt samvær, melder Surnadal normisjonsforening.