Midt i førebuinga til Solfesta vart det stopp i vassforsyninga til Ungdomshuset. Da var gode råd dyre, men med hjelp av handtverkar og rørleggar var den frosne vassrøra tina laurdag ettermiddag. Så da kan Solfesta gå som planlagt laurdag kveld.
Vassrøra var frosset under gardsplassen ved Ungdomshuset, og det vart litt av ein operasjon å kome til for å tine. Ein måtte lage luke til kjellaren for å kome til, men med god hjelp frå Lars Kvendset, Lars Stensby og rørleggar Ole Stavås frå Comfort Surnadal vart det ordning på sakene.