Etter vel ein halvtimes straumbrot ser det atter ut til å være normal straumforsyning i store deler av Todalen. Todalsøra er framleis utan straum, på grunn av vindfall over linja. Svorka er på staden for å utbetre linja, og reknar med at feilen skal være retta ganske snart. Straumbrotet skjedde i 21.30-tida laurdag kveld.
Det bles no godt i Todalen, og vi har nok litt føling med orkanen «Hilde» som herjar i Trøndeleg. men vindstyrken er langt unna den vi opplevde under juleorkanen Dagmar for eit par år sia.