Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Normal drift ved Hett & Svett frå onsdag

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 24. august 2021

Frå og med onsdag 26.august vil Hett og Svett vere tilbake, i tilnærma, normal drift. Det vil framleis vere restriksjonar om at det er maksimalt tre personar som kan vere tilstades og trene samtidig, og onsdagar mellom klokka 12:00 – 18:00 vil Hett & Svett vere stengt for reinhald. I tillegg må kvar enkelt som brukaar Hett & Svett ta ansvar for reingjering av utstyr, etter bruk og rydding, som vanleg. 

Frå onsdag av vil dørene vere opne, slik at ein ikkje lenger treng å ha nøkkelkort for å kunne nytte seg av tilbodet. Todalen Idrettslag understrekar, i tillegg, at ein framleis må vere medlem i Todalen Idrettslag for å kunne nytte tilbodet.  

Todalen Idrettslag tek atterhald om at tilbodet kan bli endra på kort varsel, dersom det blir gjort endringar i smittevernreglane. 

Publisert: 24. august 2021, 09:06