Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

NorgesCup: – Stille før stormen på Kårvatn – oppdatert

Jon Olav Ørsal Fredag 13. februar 2015

Fredag tok vi tempen på Kårvatn, arena for helgas NorgesCup i randonee.  Her var alt under kontroll, både på butikken til Kårvatn Fjellustyr, på start og målområdet som ligg på bekkøya ved dalahaugen og mannskapet på som var i fjellet som vi hadde kontakt med pr telefon.  Det er bra med snø – ein stor halvmeter på flat mark – både i start og målområdet, i Dalalia og i fjellet. Kort og godt fine forhold både for løparane og for publikum. Laurdag er det meldt sol og finvêr…..

Gudmund Kårvatn kom ned frå fjellet etter ein tur i løypa medan vi var der, og han fortalte at det er kjempefine forhold både i Dalalia og oppå fjellet ved høgde 1040 og vidare opp mot Tydalsnebba. Løypemannskapa var heile fredagen i fjellet for å merke løypa opp til Tydalsnebba, og vi var i telefonisk kontakt med Jo Gjeldnes som var med i følget som var i fjellet. Dei var i ettermiddag på tur opp bratta til Tydalsnebba.

Fine forhold på Kårvatn - bra med snø både i målområdet og i Dalalia.  Foto: Jon Olav Ørsal

Fine forhold på Kårvatn – bra med snø både i målområdet og i Dalalia. Foto: Driva/Jon Olav Ørsal

På Kårvatn var dei første løyparane komne, og skulle sjekke inn. Først ute var Lars Ragnar Manengen frå Øyer og Håvard myklebust frå Ørsta, og dei ville ta ein tur ut i terrenget for å teste føret og snøtilhøva som dei tykte såg bra ut. Dei gledde seg til konkurrere både laurdag og søndag! Utover dagen var det mange fleire som var venta, og etter kvart vil det nok bli fullt hus.

Oppdatert oversikt over traseen for laurdagens individuelle konkurranse.  Montasje: Jo Gjeldnes

Oppdatert oversikt over traseen for laurdagens individuelle konkurranse. Montasje: Jo Gjeldnes

Laurdag er det start kl 11 for deltakarane i norgescupen, men det er briefing alt kl 10.  For trimklassen er det start kl 11.10, både for med og utan tidtaking. Vidare utover helga vil det nok gå slag i slag og vi anbefaler også for publikum å kome seg ut i terrenget i tide.  Og så ein ting til slutt – det blir nok stor trafikk opp og ned frå Kårvatn i morgon, så det lønner seg å være litt forsiktig på dei smale vegane – når du treffer bil må du klare å stoppe eller finne ei høveleg omkjørsel!

Nokre bilder frå dagens tur til Kårvatn og bilder frå løypemerkinga i Dalalia- alle foto: Driva/Jon Olav Ørsal og Gudmund Kårvatn.

 

Først publisert: 13. februar 2015, 19:33 - Sist oppdatert: 14. februar 2015, 00:22