Rennet som vil ha base på Kårvatn, skal gå i same området som i fjor. Det vil seie i lia mellom Kårvatn og opp til toppen på Tydalnebba, (1298) og med små justeringer vil det bli ein kjempefin trase. Det er allereie kome litt snø i området, men rekanar med at det blir meir etter kvart.
Nils Ove Bruset og Gudmund Kårvatn fortel at det laurdag blir sett opp ein eigen trimklasse, der det skal bli høve til å starte for lokale deltakarar. Dei håpar at det er mange som vil prøve seg på skialpinisme når denne sjangsen byr seg, og legg vekt på at det går an å delta med vanlege turski.
Dei fortel vidare at det er aktuelt å kaste seg inn i kampen om å få arrangere World Cup seinare, men her vil det nok kome mange aktørar på banen etter kvart som denne sporten grip om seg. Les meir om denne populære sporten på nettsida til Norsk Skialpinisme. Sjå også heimesida til Kårvatn Fjellutstyr.
Følg med på Todalen.no, for vi kjem til å følge med kva som skjer vidare med rennet på Kårvatn i januar 2011.