Laurdag 20. og søndag 21. mars står Trollheimen fjellsportklubb som arrangør av Kårvatn Skimo 2021, der Norgescupen er ein del av arrangementet. Årets arrangement er det 10. i rekkja, der Norgescupen har vore ein del av arrangementet. Etter snøfallet siste helg er det fine tilhøve i Dalalia for å arrangere årets Skimo Kårvatn 2021.
Som sagt er Kårvatn Skimo ein konkurranse med lange tradisjonar og kvart år har løpet vore ein del av norgescupen, skandinavisk cup eller NM. Årets arrangement blir Norgescup (elite menn og kvinner) Ungdomscup/KM (10-20 år Møre og Romsdal) med Individuell lørdag og Sprint på søndag. Programmet er tilpassa koronasituasjonen, og det er difor lagt nokre avgrensingar på deltakinga i årets arrangement. No er det opna for påmelding, og vi anbefaler at du følgjer med på informasjonen som blir delt på heimesida til Trollheimen fjellsportklubb.