Laurdag føremiddag var det høgtideleg overrekjing av Det Kongelige Selskap for Norges Vels medalje til Ragnar Halle. Ragnar fikk utmerkinga for lang og tru teneste hos L. Hals – han hadde 30 1/2 år s fartstid da han slutta og gikk over i pensjonistanes rekkjer 1. juli i år. I Kaffekroken var det samla både kundar, politikervener og andre vener da Terje Nordvik overrekte utmerkinga og heldt ein kort takketelae.
Nybutikken på Kvennset vart bygd i 1983, og Ragnar har jobba der sia 1985 – og fram til 1. juli da han takka av som AFP-pensjonist. I statuttane for «Medaljen for lang og tro tjeneste» er meir enn ei gåve, – den er ei tradisjonsrik påskjønning som bedrifta kan nytte for å vise at den verdsett erfaring og stabilitet. To ordførarkandidatar og politikerkolleger var møtt fram og det vanka både klemmar og blomster frå Lilly Gunn Nyheim og Margrete Svinvik.
Det var ein humoristisk gjeng som var samla for å hedre Ragnar, og i løpet av føremiddagsstunda rakk gjengen å innom mange tema – men hovudtemaet vart sjølvsagt tunell-/brusaka, kommunereformen og så sjølvsagt fotball da. Da Ragnar forstod at det var nokon slags overrekkjeing på gang, var han redd for at det var eit eller anna slags opplegg med Londontur og kampbiletter til kampen mellom Manchester United og Everton på gang – men det var altså medalje det dreide seg om.
Sjølvsagt er det blautkake og kaffe på slike dagar og både hovudperonen, innbedne gjestar og kundane vart trakterte i Kaffekroken utover føremiddagen.