På Hageland Slætta i Malmefjorden har dei kanskje landets lengste balkongkasse – 62 meter er iallfall langda på den og den er nærast ein liten attraksjon i seg sjølv. Den går i heile byggets lengde, og har innlagt automatisk vatningsanlegg som sørgjer for at vatn og gjødsel, fortel gartner Jostein Gridseth, som legg til at vatning av uteblomster nærast har vore unødvendig i sommar.
Nokre av gjengen på Hageland Surnadal var nemleg på studietur til Hageland Slætta onsdag for å få nye tips og impulsar hos dei nye kjedekollegaene i Malmefjorden. – Hageland Slætta var nemleg BoGrønt-senter tidlegare og kom med i Hagelandkjeda da dei to kjedene vart samla til eit rike i vår.