Det planlagte Norges Cup rennet i randonne som skulle arrangerast på Kårvatn laurdag 15. mars, er no bekrefta avlyst grunna snømangel i følge rennleiar Nils Ove Bruset. Rennet blir i staden muleg arrangert 22. mars på Oppdal. Todalen Idrettslag må derfor gi frå seg Norges Cup rennet til Oppdal Idrettslag.
Norges Skiforbund og NSF randonee har enno ikkje fått ut informasjon på sine heimesider om dette, så følg med på www.skiforbundet.no/telemark for meir info framover.