Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Noregs mest populære turruter – Svinvikrunden på 8. plass!

Dordi Jorunn Halle Måndag 3. september 2018

Over 100 turruter var med og kjempa om å bli kåra til Noregs beste turrute, og Svinvikrunden kom til slutt på 8. plass! Og i følge NRK fekk Svinvikrunden flest stemmer av turrutene i Møre og Romsdal. Det var Madonnastien i Eggedal i Buskerud som fekk flest stemmer.

Det er Turskiltprosjektet i samarbeid med Gjensidigestiftelsen og fylkeskommunane ved Friluftrådas forening med støtte frå mellom andre Den Norske turistforening og Miljødirektoratet som har arrangert avstemminga. Over 32 000 stemmer er avgjeve, og vinnaren  fekk  7709 stemmer.

Her går turruta langs sjøen etter den nyaste gammelvegen. Foto: Dordi J H

På plassane etter Madonnastien kom Malvikstien i Trøndelag og Dronningruta i Nordland. Svinvikrunden fekk 555 stemmer, og er den einaste turruta frå Møre og Romsdal på lista som NRK presenterer.

Det er Nordvik grendalag og Todalen historielag som melde på Svinvikrunden i denne konkurransen. Og det er ei riktig så fin og triveleg turrute som fortener plassen på denne lista, og det er ei god rute for kvardagstrim!

Etter kvart vil fylkesvinnarar bli kåra.

Informasjonen her er henta frå nrk.no.

Spesielt å gå i Gammelvegen. Foto: Dordi J H

 

I sommar vart det nye benkar slik at det er råd å kvile undervegs. Foto: Dordi J H

 

 

Først publisert: 3. september 2018, 21:51 - Sist oppdatert: 4. september 2018, 23:26