Her viser vi ein unik bildeserie med flyfoto fra Nordvikstranda. Det er flyfoto fra 1963, da både Nordvik og Todalen var fotografert frå lufta. Studer bilda så vil du nok sjå at det er mykje som er forandra på 48 år. Det er kome nye hus, og gamle hus er borte, medan nytt boligfelt er kome og vegtraseen gjennom Nordvikgarden er endra og retta opp. Tilsaman er det 17 bilde som ligg i serien som du kan sjå i galleriet nedafor.
Vi har nytta Ola Magne Nordvik til kjentmann og namnekonsulent. Dersom det er feil i teksta set vi pris på å få ein e-post med eventuelle korrigeringar eller suppleringar. Da klikkar du berre på kontakt oss og sender ein e-post til redaksjonen.