Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Nordviksetra: -Seterrenn nr 90 er over i historia (oppdatert)

Jon Olav Ørsal Torsdag 29. mars 2018

På Nordvik er dei flinke til å ta vare på tradisjonane – det gjeld ikkje minst seterrennet, der årets renn er nr 90 i rekkja. Det blir no ikkje hugsa som det rennet som har trekt mest publikum og deltakarar, men derimot blir det eit av renna som har hatt finast vêr.  Kanskje var det litt i kaldaste laget, da det heile dagen var rundt nullpunktet. Kuldegradane var rundt 10-talet natt til skjærtorsdag, og dermed vart det fint skareføre.

Det var kanskje fleirtalet som kom til Nordviksetra til fots i dag. Dermed vart dei automatisk heiagjeng i seterrennet som etter nyare tradisjon har tre øvingar – langrenn, kulerenn og hopprenn. I alle aktivitetane var det nok dei minste som var mest frampå for å delta. Først var det langrenn som gikk etter tradisjonell trase over seterstølen, og der det var to løyper – ei for dei minste og ei for dei som var litt større. Klassane vart delt litt på skjønn og litt etter ferdigheiter. Meir vidløftig er det ikkje vits i å gjera det, når det skal være mest artig. Teknisk komite hadde imidlertid ei utførdring med å få laga spor på skareføret, men det gikk også bra.

Kulerenn på nordviksetra. Foto. Jon Olav Ørsal

Så var det kulerenn som stod på programmet og etterpå hopprenn. På grunn av skareføre og skarpt føre, vart det liten bakke for desse to øvingane. Det skarpe føret gjorde at det nok var mange gamle «verdsmeistrar» som ikkje stilte til start. Dei var nok redd at det kom til å gå over evne, og det var kanskje lurt. Men vi observerte fleire kandidatar som hadde løst, men lot fornufta seire. Og det var kanskje lurt. 

Hoppbakken – på grunn av det skarpe føret var det berre liten bakke. Foto: Jon Olav Ørsal

Men alle som var der – eit stort hundretal, kanskje – hadde ein kjempefin og koseleg dag på Nordviksetra. Enkelte køyrte bil opp til parkeringsplassen, medan andre tok turen til fots – med eller uten ski. Uansett fekk nok alle ein stor dose D-vitamin i dag med sol frå blå himmel.

Rikhaldig premiebord – og premie vart det til alle som deltok. Foto: Sverre Kjølstad

Resultatliste frå Seterrennet 2018 kan du laste ned her!

I kveld fortsett Nordvik grendalag med «After Ski» i Forsamlingshuset, der alle er velkomne – kanskje blir det ei aldri så lita nittiårsfeiring der?

Nedafor har vi laga eit bildegalleri frå arrangementet på Nordviksetra. Alle foto: Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 29. mars 2018, 16:41