Sol, varme og vind har tært hardt på snøen i dag, men det er såpass snø att på Nordviksetra at det blir Seterrenn, fortel Ola Magne Nordvik i Nordvik Grendalag. Det er såpass med snø bortover rabbane at vi skal få til å arrangere eit langrenn, men hopprenn og kulerenn blir det verre med seier Nordvik.
Det har aldri vore aktuelt å avlyse aktivitetane på Nordviksetra – avlysing har vi ingen tradisjonar for, seier Nordvik, som antydar at det kan bli eit slags natursti som erstatning for skirenninga. Det spørs korleis føret utviklar seg utover kvelden og natta og om det bli litt nattkaldt eller om det blir fortgang på snøsmeltinga. Dette blir arrangement nr 91, dersom vi har telt rett.
Start blir det uansett kl. 12.00 og så får vi tilpasse aktivitetane utover dagen etter føret. Traktortransport oppover til parkeringsplassen ved Nordviksetra startar som planlagt frå Forsamlingshuset kl. 11 for første turen, og så blir det køyrt så lenge det er behov.